Ei staseleg offerdåse med nydeleg, hamra overflate. Vakker filigrandekor i oksidert sølv. Tre vedheng av rombeforma lauv med eit krusifiks i midten. 70 cm ertekjede medfølgjer. Bakpå er det ei lenkje som du kan tre ei sikringsnål gjennom for å eventuelt festa den til vesten. Breikjede til å ha rundt halsen kan kjøpast separat. Offerdåser med denne typen utforming var spesielt utbreidd i Møre og Romsdal. Tradisjonelt mykje brukt av gifte kvinner. Smykket skulle nemleg symbolisera overgangen frå ugift til gift, og verna brur, mor og barn mot farar og vonde makter.
67×155 mm, med 70 cm kjede